HMS - policy
Voss Transportservice AS tilbyr godstransport for bedrifter, og privatpersonar. I tillegg tilbyr me persontransport for både bedrifter, privatpersonar, skulebarn og turistar. Våre erfarne sjåførar jobbar sjølvstendig med ansvar og fokus på miljøvennleg køyring. Våre tilsette utnyttar si kompetanse både på veg og kontor, og kjenner geografien og oppgåvene godt. Me legg vekt på eit triveleg arbeidsmiljø prega av samhald. Me har stor fokus på kvalitet på dei tenestene me tilbyr.
Me forpliktar oss til å skape eit trygt, triveleg og miljømedvite arbeidsmiljø. Gjennom gjensidig tillit, open dialog og støttande samarbeid, ønskjer me å inspirere tilsette til å glede seg til kvar arbeidsdag.
Me verdset mangfaldig kompetanse og forpliktar oss til å sikre at alle tilsette har naudsynt ekspertise. Me legg til rette for læring og utvikling for å fremje meistring og nytte. Vår prioritet er tilfredsheit hos både tilsette og kundar. Me rettleier kundar mot miljøvennlege val og framtidsretta løysingar, og fokuserer på effektive rutinar for å sikre kvalitet og tryggleik.
Me handlar lokalt og vel berekraftige produkt for å redusere miljøpåverknad og støtte nærmiljøet. Gjennom kjeldesortering og CO2-reduksjon tar me ansvar for miljøet. Vår HMS-policy byggjer på gjensidig tillit, trivsel og respekt for kvarandre og miljøet. Me forpliktar oss til kontinuerleg forbetring og å skape eit positivt arbeidsmiljø som inspirerer både tilsette og kundar.